Featured

Krafta: Kvifor knyter ein norsk kraft saman med engelsk kraft? (North Sea Link)

Thanks! Share it with your friends!

You disliked this video. Thanks for the feedback!

Added by MiAmigo
328 Views
Sidan Sand kraftverk sto klart i 1916 har Suldal utvikla seg til å bli ein kraftkjempe som er ei viktig brikke i Noreg og Europa sitt fornybare energisystem. Suldal forsyner aluminiumsverk med fornybar energi, er heimen til Nord-Eruopa si største vasskraftutbygging og har fleire av Noreg sine største vassmagasin, dammar og kraftverk. Samla står Suldal i dag for omlag 8 prosent av samla kraftproduksjon i landet.

I denne serien kan du læra meir om dei største utbyggingane som har skjedd i Suldal: Sand kraftverk, Røldal-Suldal Kraft, Ulla Førre og North Sea Link.

Film: Borghild Nerheim og Andreas Lange/Vandrefilm. Manus og forteljing: Sindre Hardeland. Informasjonsgrunnlag: North Sea Link/Statnett.

Prosjeketet er eit samarbeid mellom Suldal kommune, Suldal Vekst/Visit Suldal, Hydro, Statkraft, Statnett og Haugaland Kraft.
Category
Norsk Kraft
Commenting disabled.